Velkomen til Valldal The Adventure Valley
Opplevingsbygda på Sunnmøre med fire årstider fulle av kontrastar!
Dalen byr på opplevingar, aktivitet og mat som gleder alle sansane. Dei søte bæra og det store tilbodet av aktivitetar om sommaren. Eller snøen om vinteren som gjer Valldal til eit godt val for vinteraktivitetar. Får vi inspirere deg til å planlegge ei uforgløymeleg stund i vår vakre dal?
Kva skjer?
Få glade ferievibbar rett i innboksen din!
Nyheitsbrevet held deg oppdatert på alle dine moglegheiter i Valldal.
Julegata i Valldal
Vår eiga Skomakargate er ei nydeleg sentrumsgate pynta med lys og fylt med liv frå slutten av november og heilt over nyttår.
På veg inn i Valldal ser du ho – det er ikkje til å unngå. Gata ligg lett tilgjengeleg for alle som vil besøke ho, og berre det å gå gjennom den er ei oppleving i seg sjølv.









